Scenegym i tekstutvikling

1. august, 2025
Gratis workshop 25.-29. august med visning 2. september under 50-årsmarkeringen av Oslo teatersenter

OM KURSET

“Er du glad i å skrive? Eller hatt ein draum om å skrive? Eller rett og slett er litt nysgjerrig og lyst til å prøve noko nytt? Denne scenegymmen er for deg som både er erfaren innan skrivekunsten, og for deg som er heilt utan erfaring. Vi vil sjå på igongsettande oppgåver for å starte ein skriveprosess, samt korleis vidareutvikle sceneteksten ved å sjå på og ta i bruk ulike tekstlige verkemidlar, og ikkje minst å få arbeide med teksten på gulvet. Då vil vi bruke kvarandre slik at tekstforfattaren kan få oppleve korleis teksten gjer seg når utøvarar og ein instruktør arbeider med den. Kurset vil ende i ei øvd lesing av tekstane.

Eg tek med mi erfaring som dramatikar, dramaturg, skrivekurshaldar og regissør, samt bakgrunnen min som skapande skodespelar, og serverer eit kurs kor vi skal leike oss med tekst både individuelt og saman på gulvet. Kanskje lærer du noko nytt, eller kanskje kan du alt frå før, men kan få nytte av å få tilbakemeldingar på teksten/ane dine og ein moglegheit til å få arbeide med den på gulvet! (Om du sit inne med ein idé eller ein tekst som du kunne tenkt deg å vidareutvikle er det velkomment å ta den med!)

Vi startar kvar dag med ein fysisk oppvarming der vi skal vekke både kroppen, den leikande og kreative hjernen, og tilstedeværelsen. Velkommen!”

– Marie Longva Danielsen


Del: