Riv ned gjerdene!

I Ukategorisert_ by OTS

Teater G 35+

presenterer sangprogrammet
Riv ned gjerdene


Oslo teatersenter, laurdag 20. februar 2016 kl 18.00

Teater G 35+ var ei musikk- og teatergruppe tilknytta Gudbrandsdalslaget i Oslo. Nå har vi gleda å kunne presentere eit sangprogram med attendeblikk på gruppa si verksemd 1979- 1994 gjennom eit utvalg sangar og tekster.

Nye gjerde – riv ned gjerdene!
Den første store produksjonen til Teater G 35+ var «Riv ned gjerdene» med start i 1980, der engasjementet for Latin-Amerika og for demokrati og menneskerettar var hovedtema. Dette var noko som skulle bli eit viktig fundament for gruppa i alle dei åra vi heldt på. «Riv ned gjerdene» er ei like riktig og viktig rettesnor i dag som for 35 år sidan.

Praktisk
Programmet tek ca éin time. Det er gratis entré, men vi set likevel pris om du kan gje oss attendemelding om du kjem og evt om du kjem i følgje med nokon. Etter programmet kan vi by på lett servering. Oslo teatersenter held til i den gamle trafostasjonen på Tøyen, adresse Hovinvn. 1.

Vi ønskjer hjarteleg velkomen!

Med beste helsing
Teater G 35+